På søndag var eg av stad og såg filmen “The Tree of Life”, ein spesiell film på mange måtar. Absolutt ikkje mainstream, til tross for at Brad Pitt har ei av hovudrollane.
Kritikara omtala dette som ein kunstfilm og den har blant anna fått gullpalma under filmfestivalen i Channes. Respekt!
Skal ikkje gå så altfor mykje inn på handlinga i filmen, men kan røpe så mykje som at det er ei nærmare 10 minutt (eller meir) lang scene med kun natur og verdensrombilete. Dette er ei av dei meir fascinerande scenene i filmen spør du meg.
Innspirert av dette gledde det meg storleg at det var fullmåne denne kvelden. Så på veg heim knipsa eg nokre bileter.
Klarar du å sjå to månar, ein heil og ein halv? ;)

Kaizers Orchestra er eit band som eg egentlig ikkje har hatt noko forhold til.
Dette vart det fort ei endring på for om lag to år tilbake, då eg kom i klasse med ein ihuga Kaizers fan. Sidan då har har eg vore på to konsertar samt at eg har ein bråte av cdane deiras.Difor teinkte eg at eg skulle våge meg til å gi deg nokre sangar som ein lettare inngangsport til Kaizers, viss du ikkje har høyrt noko særlig på dei.
- Tumor i Ditt Hjerte
- Diamant Til Kull
- Hjerteknuser
- Femtakt filosofi
- Philemon Arthur and the Dung
- Die Polizei
- Christiania
Og forresten; dagens bilete er teke i Bergen og du har kanskje gått forbi veggen sjølv? Den er forøvrig orginalt kvit, tykte det måtte litt justeringar til for å få den rette Kaizers stilen.
Lyst å sjå fleire bileter av Kaizers Orchestra? klikk her.
ingen kommentarar

3 kommentarar
åååååååå! Muh! Søteste bilde på bloggen ;)
For noken fantastiske bilde du tar Endre!! Du e jo heilt rå!
Tusen takk Eivind! :) So kjekt at du likar bildene :)
Det er veldig kjekt å registrere at det faktisk er folk frå heile verda som er innom bloggen min.
Eg veit lite om dette skuldast; feilskrivne webadresser, feilslåtte google – søk eller at dei bevisst tek turen innom.
Kan hende det er nokon som er på jakt etter sangteksten til “Neon” av John Mayer, men som plutseleg havnar her ;)
Bilete eg hiv opp i dag tok eg på veg heim i går kveld etter å ha vore på spontankonsert på Garage.
Ha ei finfin helg! :)
ingen kommentarar
God morgon til deg òg :)
Ny dag, og believe it or not faktisk nye moglegheiter!
3 kommentarar
er kattungen til salgs ?
Ååh. Så nydelig!!
Kattungen kan du faktisk få Rut Marie (men merk at den er blitt litt større enn det han er på dette bilete) :)
av Endre
ingen kommentarar